Påmelding og klassar
Påmelding
Påmelding på EQ Timing
Sykkel: Påmelding
Løp/trim: Påmelding
Rulleski: Påmelding
Dersom du ikkje får dette til, send ein epost til bergsdalenopp@daleil.org med alle opplysningar som er krevd i påmeldingsskjemaet.
Deltakaravgift:
Sykkel, Løp og rulleski: Kr 250+kr15 (gebyr).
Tur og Trim født i 2003 eller tidlegare: kr 200+kr15 (gebyr).
Tur og Trim født i 2004 eller seinare: Kr 50+kr.15 (gebyr)
Du kan også føreta etterpåmelding på rennkontoret i Turbinen arrangementdagen.
Deltakaravgifta er då auka til kr. 350 + kr 15 i omkostnader for alle klassar med tidtaking, og det er fare for kø og venting. Me oppmoar difor sterkt til påmelding innan fredag kl 2400.
For deltakarar med tidtaking gjeld i tillegg fyljande fristar for påmelding og avgifter:
– Fredag 10, Juni kl 1800. Påmeldingfrist dersom du vil delta i loddtrekning av premiar.
– Fredag 10. Juni kl 2400: Påmeldingsavgifta aukar til kr 350 for alle untatt Trim og Tur samt Sykkel Trim.
– Laurdag 11. Juni kl 1030: Etterpåmelding slutt.
Deltakarar i Trim- og Turklassen utan tidtaking kan melda seg på fram til kl 1200 arrangementdagen.
Henting Startnummer
Startnummer kan hentast slik:
Fredag 10. Juni mellom kl 1900 og 2000 i sekretariatet.
Lørdag 11. Juni mellom kl 0900 og 1030 i sekretariatet.
Klasseinndeling:
Alle aldersklassar er delt for kvinner og for menn.
Sykkel Trim
Årsklasse:
13-16
Sykkel:
Årsklasse:
17
Løp og Rulleski:
Årsklassar:
12-15
16-17
Deretter for alle greiner:
Årsklassar:
18-19
20-34
35-39
40-44
45-49
50-54
55-59
60-64
65-69
70 og over.
Startrekkefylje:
Kl 0000 Trim- og Turklasse kan starta når dei vil men seinast kl 1030.
Kl 1130 Fellesstart Sykkel inkludert Sykkel utan tidtaking 13-16 år
Kl 1140 Fellesstart Løp.
Kl 1150 Fellesstart Rulleski Klassisk og Fristil.
Startlisens
Alle må ha startlisen. Dersom du ikkje har heilårslisens, kjøper du eingongslisens ved påmelding.