Generelt

Startområde:

Starten er i hovudgata.

Sekkebil:

Dersom du ynskjer sekken din i målområdet legg du den godt merka i ”sekkebilen” i startområdet. Sekkebilen går kl 1125.

Målområdet:

Mål er ved Storefossen 4 km lengre fram og 400 m opp. Her får du forfriskingar og sekken din utlevert. Husk at syklistar ikkje kan sykla ned att før hovuddelen av andre deltakarar er i mål. Klarsignal blir gjeve.

Det er planlagt eit fellesbilete av alle deltakarar tatt på demninga etter målgang. Vent difor i målområdet til instruksjon vert gjeve over høgtalar.

Maksimaltid:

Deltakarar som ikkje er i mål kl 1240 vil bli tatt ut av arrangementet.

Busstransport ned frå målområdet:

Det vert sett opp busstransport frå målområdet etter maksimaltida er gått ut kl 1300 for dei som då ikkje har tatt seg ned til fots eller på sykkel . Denne transporten kostar kr 50.

Premieutdeling:

Det vert premieutdeling i startområdet kl 1330.

Garderobar:

Garderobe med dusj kan du nytta i Turbinen. Sjå kart.

Sekretariatet:

I Turbinen, idrettshallen ved BKK sin kraftstasjon. Sjå kart.

Sikkerheit:

Hjelm er påbode for alle som syklar og går rulleski (NB! For rulleski skal brikka festast til hjelmen).

Lys på sykkel er påbode.

Vegen vert sperra for biltrafikk under arrangementet.

Det vert plassert vakter langs traseen med radiokontakt.

Parkering:

Det er parkering ved Turbinen og nedafor Dale of Norway.